Denne vesten blei designa som bunadsvest til mine småtroll. Eg ville gi dei ein bunad som skal vise kor dei kjem frå; ein stad med fjell og ur, vill natur og temperatur - som krev varme plagg.
Vesten har blitt eit favorittplagg hos borna, både til kvardag og fest!
Vesten strikkast nedanifrå og opp, delast ved ermehola, og strikkast med forstykke og bakstykke. Maskast saman på skuldrene. Han har breie skulderparti og V-hals. Vrangbordkant rundt erma og hals.
Det er to ulike variantar av diagrammet, og litt ulik garnmengd avhengig av kva variant du vel.
(Denne oppskriften lagres på din bruker, og kan lastes ned som PDF-fil etter kjøp)