Wilma-genseren er ein praktfull, heilmønstra genser med isydde erme, ein teknikk som fyrst kan verke skremmande, men som i realiteten er ganske så overkommeleg. Bolen strikkast rundt og rundt som eit langt rør, deretter lagar du ermehol og halsutringing ved å klippe i bolen. Mal på korleis dette skal gjerast følgjer også med. Genseren strikkast i finull, eit varmt og allsidig garn som gjev robuste og slitesterke favorittlpagg som kan vare i generasjonar. Eit stort fargekart let berre fantasien sette grenser for vidunderlege og spennande fargevariasjonar av denne genseren, og eg oppfordrar deg til å leike deg med fargane til du finn ein kombinasjon du alltid vil bli glad av å sjå på. God strikk!
(Denne oppskriften lagres på din bruker, og kan lastes ned som PDF-fil etter kjøp)